Krybba med Jesusbarnet stod i sentrum då søndagsskulen hadde sin tradisjonelle julefest på Fitjar bedehus, på litle-nyttårsafta.

Mange, både yngre og eldre, hadde funne vegen til Bedehuset denne ettermiddagen, og spesielt dei yngste hadde pynta seg i sin finaste stas. 110 stykker var samla rundt dei festpynta langborda. 

Ein del av dei som går på søndagsskulen, agentklubben og som er med i Bibelgjengen, deltok aktivt på festen. Nokre var med som forsongarar, andre var med og spelte. Nokre var og med på eit opptrinn der me fekk høyra alle beskjedane Gud hadde gitt folk i samband med at Jesus skulle bli født, og det viktige kjærleiksbrevet Gud har gitt oss i Johannes 3,16. Opptrinnet vart avslutta med den flotte songen "Barnet i krybben var Jesus", som fokuserer på at ei jul utan Jesus er som ein pakke med ingenting i.

Alle søndagsskuleungane som vågde å koma fram på scenen vart til eit kor som opptrådde med nokre av dei songane dei brukar på søndagsskulen. Flott å sjå på og flott høyra på.

Marit Stalheim Grimstad tok oss med til Betlehem der me fekk møta kona til verten som gav Maria og Josef plass i stallen.  Me fekk oppleva Jesu fødsel gjennom hennar auge, og me fekk møta kongane frå Austerland og sjå deira gåver til Jesusbarnet.

Ein gjeng frå Klubben stilte og opp på festen med to artige sketsjar, som fekk fram smilet og latteren hos dei i salen. Ole Jørgen Ivarsøy var ein flink doktor som tok imot bonden (Jan Salamon Hopperstad) som var redd for å levera urinprøve. Det enda med at han fekk beskjed om at han venta kalv… Sjur Rydland var ein stødig reporter som intervjua ei lettare forvirra Ingvild M. Oma om den historien ho aldri kjem til å gløyma (eller ikkje hugsa nokon ting frå….)

Ei god lang matøkt med julemenn og kringler høyrer med, og litt, eller mykje, springing på gangen.

Til slutt samla alle seg rundt juletreet, der det vart vaska og rulla kle, tur over sjø og land, bukking og neiing og mykje juleglede. Juletregangen var eit høgdepunkt for mange av dei minste, som etter dette var klare for å gå heim og leggja seg.
Søndagskulen på Fitjar bedehus startar opp att søndag 13.januar.