Bakken barnehage inviterer til open barnehagedag med tema «Vi vil ut! «, tysdag 10. mars.

Torunn K. Aarskog, styrar i Bakken barnehage fortel:

» Barnehagedagen i Bakken barnehage, VI VIL UT!

Tysdag 10.mars er årets barnehagedag! Det er Utdanningsforbundet og Fagforbundet som er pådrivar for at Barnehagedagen blir markert. Tema dette året har nok ein link til friluftsåret og har tittelen: ” Vi vil ut!” .Eit mål med barnehagedagen er at nye brukarar og alle interesserte skal få bli kjent med barnehagen og sjå litt av kva som skjer ein barnehagedag.

Vi i Bakken barnehage nyttar ofte det fine turområde i Rossneset, og denne dagen vil alle gruppene laga varm lunsj ute. Dette vil føregå i lavvoen, ved ballbingen, i skogen og på uteleikeplassen i barnehagen. Sjå vedlagt kart kor de vil finna dei ulike aldersgruppene og ver velkommen! Håper å sjå små og store! «

(ANNONSE)