Det vart opna ny barnehage i Dåfjorden i dag med både ordførar og skulesjef til stades.


I dag tidleg var det overskya og heilt tomt ute på den nye leikeplassen utanfor barnehagen som har funne lokalitetar i Dåfjord bedehus.

Ei leikehytte, sandkasse med mange leiker, små raude plasttraktorar og nokre små benkar, var alle klare til bruk.

I barnehagen, som brukte å vere eit bedehus, var foreldra og ungane deira samla. Då eg kom inn var det andre bollar. Inne i den nye barnehagen var det liv og røre. Det stod eit stort leikehus midt på golvet som ungane klatra og leika i. Dette var bare ein av tinga ungane hadde til å underhalda seg med. Andre mindre leiker, som var blitt donert av folk i krinsen. Nokre av møblane hadde dei måtta betale frå eiga lomme, men mykje var i bedehuset frå før av.

Eg fekk snakka med Solbjørg Tverderøy. Det var ho og mannen hennar, Magnor Tverderøy, som bestemte seg for å lage ein barnehage sidan Dåfjorden mangla ein. Solbjørg har jobba som dagmamma heima i sitt eige hus fram til no, og mange av barna som starta i barnehagen i dag kjente kvarandre frå før.

Planlegginga starta i mai i fjor, og heile sommarferien gjekk med i arbeidet for å gjera om det gamle bedehuset til ein ny barnehage. Mykje hjelp fekk dei frå kommunen, men det måtte òg dugnad til for å få det heile i hop. Det er 13 ungar som har fått plass til no, men maksimalt antal er 18. Alle barna kjem ifrå Dåfjorden foreløpig.

Barnehagen skal òg brukast som privat SFO for elevar.

- Annonse -

– Korleis følest det å endeleg vere ferdig? Solbjørg fortel at ho er veldig nøgd med det ferdige resultatet, og det følest veldig bra å endeleg vere ferdig. Det er vanskeleg å få plass i barnehagane på øya, og nokon som jobbar på Fitjar måtte køyre til Leirvik og tilbake fleire gonger til dagen, berre for å få barnehageplass. Det er derfor det er så viktig for bygda at det endeleg er ein barnehage her, seier ho.

Frå kommunen kom skulesjef John Karsten Raunholm og ordførar Wenche Tislevoll. Dei gav Solbjørg ein nydeleg bukett som ein takk for arbeidet, og ønskte ho og dei tilsette lukke til med arbeidet vidare.

Barnehagen har fått løyve til å nytte bedehuset i tre år før dei skal finne ei meir permanent løysing, og det blir spanande å sjå korleis det går.