Josef (Ole Andre Stokken) og Maria (Liv Hanna Raunholm) med Jesusbarnet.

Alle barnehagane i Fitjar var samla til julegudsteneste i ei englepynta kyrkje i dag.

Ei flott, englepynta kyrkje var halvfull av barnehageungar. I tillegg var og ein god del foreldre, småsøsken, besteforeldre og ungar som ikkje går i barnehage med på gudstenesta. Pynten var det barnehageungane sjølv som stod for.

Fitjarstølane barnehage stod for tenninga av adventslysa, medan alle song dei fire versa.

Dei eldste ungane i soknerådsbarnehagen deltok med eit julespel som enda i eit flott juletablå, og så godt som alle ungane i barnehagen var med og song.

Seinare var det song av eit stort og kraftfult felleskor med ungar frå Fjellheim barnehage, Årskog barnehage og Fitjarstølane barnehage. Dei kunne mykje tekst og framførde med fynd og klem «Eit barn er født i Betlehem» og «Eg er så glad kvar julekveld». Kjekt for foreldre og andre, både å høyra og sjå dei, sjølv om mange fotografar skugga for utsikten… Men dette er stemningsfulle og flotte minner som sjølvsagt må forevigast.

Olav-prest fekk alle med på å kikka etter den store stjerna som viste at ein konge var fødd. Stjerna som lyste over stallen der Jesusbarnet låg i krybba, saman med gavene som vismenna frå soknerådsbarnehagen hadde gitt han. Presten minna om at det er flott å gje gåver, og fint å tenka på at Jesus var den første av alle julegåvene.

Josef (Ole Andre Stokken) og Maria (Liv Hanna Raunholm) med Jesusbarnet.