Førstkomande torsdag startar Fitjar barnegospel opp att etter juleferien, med øving på Fitjar bedehus kl. 17.30-18.30. Dette vert Randi E. Brekke si første øving som dirigent for det populære barnekoret.

Etter å ha dirigert barnegospel i 9 år har no Ingvild Brekke Myhre gjeve dirigentstokken vidare til Randi Eiken Brekke. Randi, og pianist Lovise Vestbøstad som skal dela oppgåva med Elin Sørfonn, ynskjer nye og «gamle» songarar velkomne til øving. Sjølv om det er ny dirigent vert det meste som før, fortel dei. Først er det ein halv time med synging, så pause med saft og kjeks eller frukt. Etterpå vert det kort andakt og litt øving igjen til slutt. Både gutar og jenter er velkomne og nedre aldersgrense 5 år, dvs ein må fylla fem år i løpet av første halvdel av 2011. Ein er velkomen til å vera med i koret heilt til ein er klar for å starta i Fitjar ten-sing som har 8. klasse som nedre aldersgrense. Foreldre og andre som fylgjer ungane er velkomne til å sitta i salen og lytta til koret som øver. Dei vaksne får servert kaffi og te i pausen.

Randi og Lovise, og dei andre leiarane i Fitjar barnegospel, gler seg til å møta mange songglade ungar på øving på torsdag.