Det var ikkje etter det oppsette programmet, men Biskop Ole D. Hagesæther tok seg tid til å lytte. Kvar torsdag har Barnegospelkoret øving. På same tid denne torsdagen skulle det på Bedehuset væra samrådingsmøte i samband med Bispevisitasen. Og han tok seg tid, biskop Ole D. Hagesæther, til å ta turen innom og sjå Barnekoret øva. Og det såg ut til at han trivdes. Koret øvde på songane dei skal syngja på kyrkjelydsfesten i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag kl. 18.00