Kurt NIlsen kalla sitt siste album for «Inne i en god periode». Det samme kan i høgaste grad seiast om Fitjar barnegospel.

Svært mange fekk fitjarbuar fekk høyre dei i helga. I går ettermiddag song dei for 160 personar under basaren til «Jenteforeningen» i Fitjar bedehus. I dag for ei smekkfull Fitjar kyrkje. Og dei syng altså velsigna bra for tida. Klart, sterkt og dynamisk – og med flotte solistar. Det heile leia av Randi Eiken Brekke – og med eit svært bra band på kompet.

I kyrkja i dag var det òg utdeling av ei barnebok til dei som skal begynne på skulen til hausten – og alle fekk med seg bodskapen når soknepresten på ein enkel, munnleg og forståeleg måte fortalde om underet med fem brød og to små fiskar.