Måltidet vart avslutta med severing av is.

Fitjar barnegospel deltok på prosten si årlege nyttårsmottaking i Nysæter kyrkje.

Som tidlegare nemd mottok Ingvild Brekke Myhre og Lovise Vestbøstad prostiet sin frivilligpris under mottakinga. Barnekoret som var med og song på dette «vaksne» arrangementet hadde sin eigen fest under prost Svein Arne Teodorsen sin tale om at «Vi høyrer til i ei syngjande og spelande kyrkje». Då vart dei invitert ned i kjellaren og fekk servert pølser, saft og is. Dette er mat som alltid fell i smak hos ungane, og dei var godt mette, og kanskje litt høgt oppe, då dei skulle opp å syngja si andre avdeling for forsamlinga i kyrkja, og overværa utdelinga av frivilligprisen.

Heile 28 ungar frå koret hadde teke turen til Nysæter. Sjølv om koret til vanleg tel over 50 stykker må dette seiast å vera godt oppmøte når øvingane ikkje har starta dette semesteret enno. Dei song som vanleg svært godt og representerte Fitjar på ein flott måte.

Første korøving etter juleferien vert torsdag 15. januar kl. 17.30 på Fitjar bedehus.

Måltidet vart avslutta med severing av is.