Både jenter og gutar 2000 var i sving med kampar på kunstgrasbanen torsdag ettermiddag.

Barnefotball-serien er eit lokalt samarbeid mellom klubbane Stord, Trott, Fitjar og Solid. Det skal først og fremst vera leik og det skal ikkje fokuserast på resultat eller førast tabellar. Alle laga spelar både heime- og bortekampar, og fleire lag frå Fitjar er med i desse seriane.

Torsdag 20. mai var både jenter og gutar 2000 klar for  heimekamp på kunstgrasbanen på Fitjar. Speletida er maks 2×25 minutt, og det skal i utganspunktet vera 5 spelerar på banen. Både på gutane og jentene sitt lag er det mange spelerar så i serien har dei delt laga sine i to, så det var berre halve gruppene som spelte desse kampane.

Gutane hadde besøk av Stord. Motstandarane var dyktige og kampen baud på utfordringar av mange slag. Foreldra og trenarane til begge laga stod på sidelinja med oppmuntring, innspel og heiarop. Det var mykje glede, litt alvor og stort fotballengasjement.

På motsatt side av kunstgrasbanen var jentene i det same kullet i sving mot Solid. Jentene fekk til godt spel og leikte seg gjennom kampen. Sjølv om det ikkje skal fokuserast på resultat er det vanskeleg for jentene å ikkje telja mål når dei opplever at det går deira veg.

Både før og etter kamp helsar alle spelarane på kvarandre med eit venleg handslag. Dette skal handla om fotballglede meir enn resultat, og fotballgleda var stor hos store og små, både frå både Fitjar, Stord og Solid. Fitjar sine Jenter 2000 takkar Solid for kampen.