
Det er ikkje mangel på aktivitet hos Galleri Losjen om dagane. Laurdag 30. mars vert det lansering av barneboka Krabben Klara og konkylien, som skal setja fokus på miljøet. I tillegg skal Svanhild Fosback Larsen stilla ut flotte måleri.
Krabben Klara og konkylien
Stordabuen Hildegunn Bjelland har skrive barnebok om plastforureining. Krabben Klara og konkylien er illustrert av Heidi Kahrs Damm, og utgitt av det bergenske forlaget Tegn.
Boka skal setja fokus på konsekvensane plastforureininga får for livet i havet. Forfattaren håpar at denne forteljinga kan vera med på å skapa gode haldningar hos både vaksne og born som les den.

Krabben Klara og konkylien er Bjelland si første solobok. Ho har tidlegare vore medforfattar i novellesamlinga Våte kyss, antologiane Det var en gang-en antologi for barn og Vilje. Ho har også vore medansvarleg og medforfattar for antologien Drøm, som var til inntekt for Kreftforeininga.
På lanseringa vil Hildegunn Bjelland lesa frå boka si, og Tegn byr på alkoholfrie bobler og smågodt. Som ein ekstra godbit skal eit popupband med namnet Rekeskala spela på lanseringa. Dette vert kjekt for store og små.
Måleri med Stord og Fitjar motiv

I tillegg til barneboklansering vert det opning av kunstutstilling. Svanhild Fosback Larsen tek med seg flotte bileter i olje og akryl. Ho målar landskap, himmel, hav, hus og byar. Fosback Larsen er frå Arendal, men nokre av bileta ho stiller ut er inspirert av Fitjar og Stord.
Svanhild Fosback Larsen sine bilete kan ein ta turen å sjå både laurdag, sundag og måndag.
Dørene opnar kl. 14.00 på laurdag. Ikkje gå glipp av desse spennande hendingane.