Sundag 25. mai kan du bli med Barnas turlag på tur til Høgavarden, det høgste punktet på Huglo, 218 m o.h.

Her har du eit vidt utsyn i alle retningar. Å gå til varden er ein populær tur, og det går mange stiar opp.

Me set bilane på Jektevik og tek ferga til Huglo kl. 12.25. Retur frå Huglo 16.05.


Turen startar på Reset 400 m opp frå ferjekaien. 
Ta med godt fottøy, klede etter vêret og niste.
 Turen passar for alle, men dei minste bør sitje i bæremeis.

Dette er ein topp som er med i topptrimmen.

Velkomen.

For fleire opplysningar:
Kontakt Wenche Nygård på 416 80 693.