Søndag blir det tur med Barnas Turlag til Botnavatnet, fortel Rolf-Atle Rolfsnes til Fitjarposten.

Barnas Turlag inviterer små og store på tur til Botnavatnet kommande søndag. Turen startar klokka 12.30 frå Rimbareid, og det blir spørsmål langs vegen/stien oppover. Dei sprekaste kan òg ta turen opp til Kidno om dei ønskjer, fortel Rolf-Atle Rolfsnes.

Det blir sal av topptrimkort til Barnas Topptrim for kr 20, og alle barna får ein liten premie oppe ved vatnet. Det blir òg trekt ut nokre andre premiar. Ein må ta med niste og drikke sjølv, og eventuelt fiskestong. – Og det kan vera lurt med sko som tåler litt vatn, seier Rolf-Atle Rolfsnes til slutt.