Barnas Topptrim er klar frå og med palmesøndag. Det melder styret i Barnas Turlag i Stord-Fitjar turistforening.

– Det er planlagt mange fine familieturar i 2013, og det er lagt ut bøker og klippetenger på følgjande fire toppar denne sesongen: Melen, Surefjellet, Dyvikesåto og Steingjelsheddo. Det blir premie til alle born som kjem seg til minst tre av desse turmåla og som leverer inn klippekortet. I tillegg vil ein vera med i trekkinga av nokre finare premiar, heiter det vidare i meldinga.

I programmet til Barnas Turlag, og på nettsida til Stord-Fitjar Turlag, kan du finne informasjon om turane som er planlagt:
• 14.04.: Tur på Goddo med Barnas Turlag på Bømlo
• 26.05.: Tur til Dyvikesåto
• 08.-09.06.: Hyttetur til Kongskogsvatnet
• 01.09.: Kom deg ut-dag – Landåsvatnet
• 22.09.: Tur til Steingjelsheddo
• 03.11.: Lommelykt-tur – Lundarstølen
Klippekort til Barnas Topptrim (kr 30,- pr stk) og program for sesongen kan du få hos MX-Sport på Fitjar eller hos Sport 1 på Leirvik.

http://stord-fitjar.turistforeningen.no/