Det er sagt at jula varer heilt til påske. I kyrkja tar påskebodskapen aldri slutt, og i dag slo ein til med skikkeleg påskefest der barna var i sentrum. Og det såg ut som om dei minste koste seg i kyrkja i dag.

Så tok dei òg aktivt del i gudstenesta, både med lesing, korsong med soloinnslag – og duettsong. Og, ikkje minst, som på påskedag, var barnestemmene svært langt fremme i lydbiletet i allsongen "Deg være ære".

Sokneprest Olav Oma gjekk inn i rolla som Peter og snakka om kor godt det var å vere der Jesus er. Det er det kjærleik. Der er det tilgjeving, og Jesus er den beste venen du kan tenkja deg. -Han tilgav til og med meg, sjølv om eg svikta han på det grovaste, sa Peter, alias Oma, til ei lyttande forsamling.