Eit lite bål på ein trygg plass gjorde folk merksame på at noko ekstra var på ferde.

Ved buss-skuret på Helland Nord stansa mange bilar her ein ettermiddag. På eit raudt skilt stod det: Me samlar inn pengar til Mamma Maggie og gatebarn i Kairo. Sunniva, Emma Helene og Marius baud fram varene sine, medan mamma var god medhjelpar. Ho hadde nok vore aktivt med i førebuingane også. Minst to sortar julebakst , nysteikte bollar og brød var til sals. Det var og høve til å nyte kaffi og bollar på staden. Elles kunne ein kjøpe fint pynta fyrstikkøskjer og dekorerte lykteglas.

Emma Helene og mamma Reidun fortalde at pengane skulle leverast i Bakken barnehage som årleg samlar inn til det same prosjektet. Dermed er det mange heimar i Fitjar som har god kjennskap til all  elendighet som møter gatebarna i slummen i Kairo, og mange har støtta opp om tidlegare innsamlingsaksjonar. Med i potten var også innkoma av eit lite sal som barna hadde i august. Seinare fekk me høyre at salet gjekk godt etter kvart, bilar stoppa og folk gjorde ein god handel. Like viktig er det å fortelje om dei som var kjempnøgde med det gode, heimebaka brødet.