– Sidan i haust har ei gruppe born frå Bakken barnehage teke turen ned til Fitjar bu- og behandlingssenter annankvar måndag.

Det er styrar for Bakken barnehage, Torunn Aarskog, som fortel dette til fitjarposten.no. Ho seier vidare at barna har forskjellige lottospel i sekken når dei går inn i daglegstova på bu- og behandlingsssenteret, der det allereie luktar nysteikte vaflar.

– Me startar med å syngje nokre barnesongar, og så er det speletid. Veit ikkje kven som er mest ivrige og spente på kven som vinn!

Så er det koseleg måltid med vaflar og saft. Flotte knutepunkt for fleire generasjonar, seier Torunn Aarskog til slutt.