Her ligg den stolte, gamle barlinda knust i steinmassane. Foto: Kjetil Rydland.

Oppe i gjelet ovanfor Barlindedalsvatnet har det stått ei gammal barlind i feire hundre år, men no har eit ras teke knekken på størstedelen av det eldgamle treet, og det er berre nokre få greiner igjen som lever.

Raset må ha gått ein gong i fjor, etter det me har fått opplyst på velinformert hald. Då Arne Vatten gjekk opp dette bratte gjelet aust for Barlindedalsvatnet i september i fjor, hadde steinmassane teke med seg den store barlindstamma.

Her har det vore farleg å vera, konstaterer skogansvarleg i Stord og Fitjar, Gunnar Kleive. Foto: Kjetil Rydland.

Men det kan sjå ut som om det har gått fleire ras sidan den gongen. Lenger nede mot vatnet ligg det store steinar som har kome rullande nedover for kort tid sidan, om me skal dømma etter ferske merke i skogbotnen og på uheldige furutre som har stått i vegen.

For tre år sidan skreiv me om dette stolte, gamle barlindtreet, og me spekulerte på om det kunne vera eldre enn sjølve namnet på Barlindedalen. I Stord bygdebok er det dokumentert at namnet er meir enn 250 år gammalt. Som kjent kan ei barlind bli 2000 år gamal.

For å slå fast alderen har me hatt med oss skogrådgjevar Gunnar Kleive ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK), og teke bordprøvar frå barlindstamma. Diverre fekk me ikkje ut ein fullverdig prøve, men nokre bitar som det gjekk an å telja årringar frå.

Kleive forte at han har brukt godt lys og forstørrelseglass og har kome fram til om lag 20-25 årringar per centimeter. Med utgangspunkt i ein brysthøgdediameter på ca. 15 centimeter, skulle det bli 7,5 cm x 22 = 165 år, pluss alder frå rot til brysthøgdediameter ca. 15 år.

Samla sett skulle alderen på barlinda då bli rundt 180 år, men for å vera heilt sikre må me nok ta med sag og saga ei plate og telja årringar.

Her var det farleg å vera ein gong i vårløysinga i fjor, men kven kunne vita det for tre år sidan?
Slik såg den gamle barlinda ut for tre år sidan. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -