Motbakkeløpet «Først til mølla» vart suverent vunne av Torstein Tengsareid frå Egersund. Beste fitjarbu vart Bård Inge Bø, og kona Solfrid Sandvik Bø vart best i kvinneklassen.

Tengsareid som vann var heilt suveren i tet der han freste oppover motbakkene som om han løp ein vanleg 5000 m. No var lengda på løpet 4380 m, men når det meste år bratt oppover er ei tid på 19,26 aldeles imponerande. Så vart han òg mest to minutt foran talentfulle Tom Erik Kårbø frå Stord i mål. Bård Inge Bø fekk femteplass.

I dameklassen fekk Solfrid Sandvik Bø denne gongen god pes av Nina Aarbø Olsen som kom i mål berre seks sekundar etter Solfrid. I juniorklassen imponerte Ørjan Søreide Nordvang ved å gå heilt til topps.

Ingressbilde: Bård Inge Bø vart beste fitjarbu i Mølleløpet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Biletet t. h. nede: Ørjan Søreide Nordvang som vart best i juniorklassen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Resultata ser du nede til høgre.