Frå 3. januar i år er bankbygget i Fitjar sentrum, med tilhøyrande eigedom, igjen i eige av fitjarfolk. Stangeland Invest selde då  til det nyetablerte firmaet Todlak As.

Todlak As er etablert av Einar Waage, Victor Aga, Arild Træet, Frode Brakedal og Martin Nysæther. Kjøpet består av bygget, parkeringsplassen mellom banken og Larsen i tillegg til Todlakskaien. Bygget som har fire etasjar, inneheld ei leilegheit i kjellar pluss næringslokale i resten av bygget.

 

– Todlak vil vidareføre leigeavtalar med lensmann og Sparebanken Vest og vil jobbe med å få leigd ut resterande areal. Det vil seia ei leilegheit med fire soverom i kjellar og ca. 320 m2 næringsareal i andre og tredje høgda, opplyser dei nye eigarane til fitjarposten.no