A-laget til Fitjar er på veg heim frå Husnes etter ein klar siger over Trio i vinterserien i fotball.

Trenar Kjell Træet fortel at dette var den beste kampen han har sett av laget sitt så langt i vinter. Han var veldig godt fornøgd  med første omgang, kanskje spesielt den første halvtimen. – Då sat formasjonene som dei skulle, seier han, og me fekk til alt me prøvde på.

Måla let heller ikkje venta på seg. Allereie etter 4 minutt gjekk Fitjar opp til 1-0 ved Badi Hurashi, på retur frå eit skot i tverrliggjaren ved Henrik Raunholm Kjelling. Og vel 5 minutt seinare la sistnemnde på til 2-0 då han blei spelt fint gjennom og kunne setja ballen enkelt til side for keeper. Midt i omgangen scora Torbjørn Korsvik to fine mål, før Trio reduserte til 1-4, som blei pauseresutatet.

Øyvind Fykse Lie la på til 5-1 i byrjinga av andre omgang, før Trio reduserte til 2-5. Dei siste 40 minutta blei mållause, men trenar Kjell Træet er svært så godt fornøgd med kampen. Han synest det er spesielt gledeleg at femmaren på midtbanen fungerer så godt. – Det hjelper til at forsvaret kan stå rettvendt heile tida, seier Kjell. Dermed kunne dei ta seg greitt av det meste som kom.

Trio er ikkje noko dårleg lag, meiner Kjell, men litt meir ujamt enn Fitjar. I kveld var han kanskje ekstra fornøgd med Henrik Raunholm Kjelling, som spelte ein strålande første omgang. Han nemner òg spesielt Sander Tverborgvik. – Det viste ikkje at det var første kampen hans frå start, seier Kjell.

Det er ein optimistisk Fitjar-trenar som no ser for seg at laget hans kan vinna vinterserien. No vonar han å møta Halsnøy heime i siste kampen.

Fitjar sitt lag (4-2-3-1):
Aleksander Henriksen (Oddgeir Træet 45. min.), Emil Fitjar (André «Mini» Helland 45. min.), Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Sander Tverborgvik (Bernt-Ove Maraas 45. min.), Helge Træet, Øyvind Fykse Lie (Sebastian T. Thomassen 63.), Badi Hurashi, Torbjørn Korsvik, Henrik Raunholm Kjelling, Jan Åge Tislevoll.