A-laget til Fitjar slo Trio heile 5-0 på heimebane i vinterserien tysdag kveld.

Resultatet var kanskje litt flatterande, for Trio var det beste laget i første omgang. Likevel var det Fitjar som kunne gå til pause med 3-0-leiing, etter scoringar etter 5 minutt (sjølvmål), etter 40 minutt ved Øyvind Fykse Lie og etter 41 minutt ved Jan Åge Tislevoll. I andre omgang var Fitjar det beste laget, ikkje berre i effektivitet, og kunne gå av banen med 5-0. Scoringane i andre omgang kom ved Jan Åge Tislevoll etter 54 minutt og ved Geir Steffen Tranøy etter 67 minutt,

Hjelpetrenar Ketil Fykse seier seg spesielt godt fornøgd med effektiviteten i kveldens kamp. – Og så er det alltid kjekt å gå av banen uten å ha sleppt inn mål, avsluttar ein frostig, men fornøgd hjelpetrenar.

Lagoppstillinga til Fitjar (4-2-3-1):
Aleksander Henriksen (90 min.), Emil Fitjar (90 min.), Martin H. Vestbøstad (90 min.), Nils Ingard Tislevoll (90 min.), Sondre Fykse Lie (90 min.), Helge Træet (90 min.), Torbjørn Korsvik (55 min.), Øyvind Fykse Lie (90 min.), Mats Brakedal (90 min.) Jan Åge Tislevoll (70 min.), Thomas Vestbøstad Waage (60 min.). Reservar: Lars Fitjar Waage (35 min. for Torbjørn), Geir Steffen (30 min. for Thomas), Frode Malkenes (20 min. for Jan Åge).