På heimesida si minner Fitjar kommune om at det er bandtvang for hund frå 1. april til 20. august.

Fitjar kommune har vedteke ei lokal forskrift for bandtvang. Av den går det bl.a. fram at ut over normal bandtvangstid – 1. april – 20. august, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt på følgjande stadar:

– I tilknyting til bustad- og handleområde.

– På gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett eller sport.

– I område der husdyr har rett til å beita og faktisk beitar 21. august – 15. oktober.

– I følgjande tur- og rekreasjonsområde: Rossneset og Breiavikjo.

Heile den lokale forskrifta kan du lesa her: