Etter spora å dømma kan det vera Bambi som har vore ute og sklidd på bakkane på Sæterbø i helga, men det er nok ein hjort som har fått seg eit sjokk då underlaget gav etter.

Me var ikkje til stades med videokamera og laga levande bilete, men spora i isen på Sæterbø ber tydeleg bod om kva som har gått for seg.

Hjorten har komme ut av granskogen rett sør for heimebøane på Sæterbø, og hoppa elegant over det elektriske gjerdet på sine lette og spenstige bein. Vanlegvis landar hjorten fjellstøtt i all slags terreng på all slags underlag; det har dei fleste av oss hatt gleda av nyta synet av. 

Det går alltid bra, eller nesten alltid … Denne gongen gjekk det ikkje bra for den stakkars hjorten på Sæterbø. Av spora kan me sjå at han fekk store problem då landa. Han begynte å skli straks han tok bakken. Først ser det ut som om klauvene har sklidd på isen, men om det er buken eller ryggen han har segla vidare på, er ikkje godt å avgjera.  Ei vill og ukontrollert ferd må det ha vore nedover bakken, før han etter 15-20 meter har sklidd mot gjerdet lenger nede. Og forsvunne inn i skogen att.

Dessverre var me altså ikkje til stades og fekk festa han til film. Me får berre håpa han kom seg beinheile heim att.