Eg var nok litt stressa då eg kom til temakvelden i kyrkja i går kveld. Slik var det ikkje då eg gjekk ut igjen. Temakvelden hadde tittelen: «Håp – lysglimt frå ei anna verd», og aktørane var Ola Ohm, Magnhild Moe og Line Camilla Lyngvær Tranvåg.  Og kva fekk me? Jo, me fekk ein kveld med cello og piano i herleg samklang likestilt med nydelige tekstar fulle av håp og framtidstru.

Ola Ohm var vikarprest i Fitjar under studietida si. Mange av oss kjende han såleis frå før. Ein prest som talar på ein måte som folk kan forstå, og som er eit musikalsk multitalent. Ikkje berre synte han fram svært vakkert pianospel i går. Han song òg utruleg bra.

Vår eigen, om enn «utvandra» Line Camilla Lyngvær Tranvåg, var det utruleg kjekt å møte igjen i denne samanhengen. Ho les med ei innleving som gjer at bodskapen går langt under huda på deg, og utvalet av tekstar var framifrå.

Magnhild Moe på cello er ei av dei som kan få ein cello til å syngja. Slik og i går. Fantastisk fint.

Alt i alt ei herleg stund som gjorde oss godt på mange måtar. Stresset fall av, og me gjekk heim med song i hjarta.