Fitjar sleit seg til tre nye poeng mot Vadmyra 2 i ruskavêret søndag ettermiddag, men sigeren sat svært langt inne.


I første omgang hadde Fitjar medvind, og hadde full kontroll på kampen. Allereie etter fem minutts spel tok dei leiinga ved Kjell André Thorland. Han sende i veg eit fint innoverskrudd skot frå hjørnet av 16-meteren, og Jan Åge Tislevoll forstyrra forsvaret og keeper Magnus Olsen nok til at skotet gjekk inn.

Vadmyra 2 såg me knapt noko til i heile første omgang. Eit fint skot frå rundt 20 meter skifta retning, og kunne ha lurt Oddgeir Træet i Fitjar-målet. Men det var òg alt me såg til gjestene før pause. Heller ikkje Fitjar viste spel som vitnar om 4. divisjon, men dei stod for alt som var av spel. Derfor var det heilt fortent at Henrik Raunholm Kjelling kunne leggja på til 2-0 etter ein knapp halvtime. Han fekk hovudet på eit flott innoverskrudd innlegg frå Helge Træet, og lurte både keeper og Vadmyra-forsvaret.

Mot eit heilt anonymt Vadmyra-lag kunne og burde heimelaget ha scora både fire og fem mål, men presisjonen var altfor dårleg. Dermed måtte dei gå til pause med 2-0, ei leiing som skulle visa seg å bli i knappaste laget då dei fekk regn og rusk imot. Andreomgangen begynte med to heilt feilaktige offfsideavblåsingar som hindra Fitjar-angriparane i å springa gjennom og scora. Og etter kvart som regnet og vinden slo meir og meir imot Fitjar-spelarane, kom Vadmyra meir med.

Men det var uoppmerksamt spel på høgrebacken som inviterte dei inn igjen i kampen. Høgrebacken til Fitjar såg ikkje ut til å bry seg om ballen, og Vadmyra fekk høve til å byggja opp eit angrep på venstrekanten. Det enda med ei fin pasning, som Aleksander Ellingsen ekspederte i nettet frå knapt 16 meter. Og den siste halvtimen av kampen er ikkje dei våte og forfrosne Vadmyra-spelarane til å kjenna att frå første omgang. Dei begynner å vinna duellane, og valsar rundt med Fitjar-spelarane, som slit med å halda seg på beina på den sleipe banen. Få minutt etter reduseringsmålet er dei på ferde på venstresida att, og etter fint kombinasjonsspel får Aleksander Ellingsen ei ny fin pasning. Denne gongen er haldet kortare, men skotet er minst like godt, og Vadmyra har utlikna.

Siste halvdel av andre omgang har Fitjar meir enn nok med å forsvara seg, på ustøe bein, mot innsatsvillige gjester. Dei siste 10 minutta lever Fitjar-forsvaret svært farleg, og berre flaks hindrar at Vadmyra går opp til 3-2. Sæleg ille er det når ein flokk med Vadmyra-spelarar er inne i feltet og misbruker fleire feite sjansar. Den største endar med at Kjell André Thorland reddar på streken på ubegripeleg vis.

Og så skjer noko endå meir ubegripeleg rett etterpå. Storscorar Jan Åge Tislevoll får ballen midt på gjestene sin banehalvel og skyt frå rundt 18 meters hald. Ikkje eit spesielt godt skot, men Vadmyra-keeperen går til feil side, glir, og må sjå at skotet går inn midt i mål. Til stormande jubel frå Fitjar-spelarane, som var i ferd med å sjå tre verdifulle poeng gli ut mellom beina på dei. – Rein magi! seier Jan Åge, som ikkje har anna forklaring på korleis ballen kunne gå i mål.

Med 3-2 ebba kampen ut, og Fitjar kunne innkassera tre nye poeng i kampen om opprykk. Denne gongen var dei heldige, men burde naturlegvis ha avgjort kampen før pause. Kjell André Thorland blei heilt fortent utropt til dagens Fitjar-spelar i ein kamp der presisjonen til medspelarane hans var altfor dårleg. Kanskje dei bør lytta til råd frå hjelpetrenar Ketil Fykse, og skaffa seg sko med skruknottar …