Fitjar kulturskule er i full gang med øvingar til musikkteaterframsyninga Balle Frost og Leketøybanditten.

I slutten av november skal kulturskulen og Fitjar Skulekorps skal ha oppsettingar av den kjende kriminalmusikalen. Det gjeld å vera godt førebudd og i går var me innom i Kultursalen, der ei unge skodespelarane var i full gang med øvinga, under leiing av dramalærar Torill Berger Falk og danselærar Solveig Whittaker.

Balle Frost og Leketøybanditten er ein norsk barnemusikal av Ingvar Hovland (tekst), Jon Konrad Strøm (musikk) og Simen Fjeld (musikkproduksjon). Hovudpersonen er privatdetektiv Balle Frost, som løyser gåta om kven som har robba leiketøybutikken i byen. I framsyninga på Fitjar spelar Andrea Hollund leiketøybanditten, medan Christina Koløen er Balle Frost.

Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen fortel at årets storsatsing skal ha premiere torsdag 27. november. Fitjar skulekorps og elevar på drama/teater og dans i kulturskulen har arbeidd med dette heile hausten, og no er siste innspurten i gang. Det er mykje som skal koordinerast når nærare 90 elevar skal på scena samstundes. Heile skulekorpset stiller som orkestermusikarar, og Anne Lene er spent på samarbeidet. Neste laurdag skal dei øva i lag med korpset. Elevar frå visuelle kunstfag i kulturskulen har vore med og laga kulisser i lag med ei foreldregruppe, og i tillegg er det nokre foreldre som syr kostyme.

Handlinga i stykket er kort fortalt: Me er i ein liten norsk landsby og plutseleg ei natt blir det gjort innbrot i leiketøybutikken. Gjerningsmannen er ein skummel banditt. Christina Tørner (Tina) og dei fem vennene hennar blir veldig triste når dei oppdagar tjuveriet. Dei bestemmer seg for å ta kontakt med privatdetektiv Albert Frostad, alias Balle Frost. Han har oppklara mange mysterium tidlegare. Saman legg dei ein smart plan. Dei må lokka Leketøybanditten i ei felle. Dei arrangerer ein storslått byfest med leiketøyutstilling. På festen vert det stilt ut gamle og nye leiker, og barn og vaksne underheld kvarandre. Og som planlagt; når nattemørket senkar seg etter festen, dukkar den skumle banditten opp og forsyner seg grådig av leikene. Ei spanande jakt er i gang …

Anne Lene fortel at du kan kjøpa billettar på førehand hos Træet AS. I tillegg til premieren torsdag 27. november blir det framsyningar fredag  28. og laurdag 29. november.

Ingressbilete: Andrea Hollund er Leketøybanditten og øver her på å stela dokka, som blir spelt av Amalie Skumsnes Skålevik. Foto: Kjetil Rydland.