Dåpsbarnet Runa Helland, saman med fleire unge hjelparar og Gud som mor, stod i sentrum under familiegudstenesta i Fitjar kyrkje i dag.

Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu, som stod for gudstenesta saman med vikarorganist Astrid Koløen Prestbø hadde engasjert fleire ungar og ungdomar som hjelparar under gudstenesta. På trass av at det var midt i fellesferien var det godt med folk i kyrkja. Det første som møtte oss var dei unge kyrkjevertane Kristian Prestbø og Sverre Fangel Brekke, som delte ut program slik at me alle kunne delta under allsong og opplesing.

Under inngongssalmen «Syng for Herren», då prest og dåpsfølgjet med vesle Runa Helland som midtpunkt kom inn i prosesjon, vart pianospelet til Astrid og allsongen til kyrkjelyden løfta med flott kornettspel av Ingvild Prestbø og Kristi Rydland. Desse to flinke musikkantane spelar til vanleg i Fitjar skulekorps, men klarde seg og svært godt åleina i kyrkja, og var verkeleg med å berika allsongakkompagnementet. Det var så vakkert at det var reint så kyrkjelyden gløymde å syngja med.

Nobu, som kyrkjelyspresten likar å kalla seg, hadde annonsert «powerpoint-preik». Han talte om Gud som ei mor som ikkje gløymer barnet sitt, noko mor til Runa bekrefta høgt og tydeleg: ei mor gløymer ikkje det barnet ho har fått. Og om så ei mor skulle gløyma så gløymer ikkje Gud oss. Hans kjærleik til borna sine er endå større enn ei mor sin kjærleik til barnet sitt. Alt vart illustert med morosame bilete, bilete til undring og bilete til ettertanke frå pc’en til presten, vist på lerret framme i kyrkja.

Gudstenesta vart avslutta med eit flott postludium spela av Guro Rimmereid. Ho spelde «Ballade pour Adeline» på piano, til ære for forsamlinga, til ære for Guds store kjærleik og ikkje minst til ære for vesle Runa som vart boren til dåpen denne dagen. Franskmannen Paul de Seville som har laga dette musikkstykket komponerte det for å uttrykka sin kjærleik og hyllest til si nyfødde dotter Adeline. Denne dagen spelt av ein ung, lovande pianist som «Ballade til Runa».