Fredag kveld var Fitjar kultur-og idrettsbygg fylt av ungdommar og tilhøyrande lyd, då 10.-klassingane bad inn til ball.

Då Fitjarposten var innom, rann glade ungdommar i alderen 12 til 16 år rundt i foajeen og kultursalen.
Det var slett ikkje noko å seia på stemninga, og ungdommane hadde ingen ting imot å helsa på oss.

Så vidt me forstår, er ikkje slike ball ein ubroten tradisjon, men det er ikkje første gongen ungdomsskuleelevane skipar til ball. I fremste rekkje i kveld møtte me leiaren i ballkomiteen, Edith Helland. Ho fortel at dei har arbeidd med førebuingane i rundt tre veker. Med seg i komiteen har ho hatt Eirik Larsen, Kristi Rydland, Magnus Mugaas Heggland, Ingvild Oma, Emil Fitjar og Vegard Hareide.

Inviterte på ball blei alle elevane i 7. til 10. klasse. Litt tidlegare i kveld hadde dei ein liten konsert, med dei lokale songfuglane Silje Rydland, Ingvild Oma og Invild Skår Bergesen. Elles gjekk det i pizza og andre godsaker, og musikk inne i kultursalen, musikk best eigna for eit ungt og sterkt publikum.

– Målet er at flest mogeleg skal ha det kjekt, fortel Edith. Skal me dømma etter stemninga, har dei nådd målet sitt.