– Klokka 16.01 vart det meldt om bålbrenning som hadde kome ut av kontroll på Bukkholmen i Fitjar, skriv operasjonsleiar Trond Olav Friberg i politiloggen for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

I følgje Fitjar brannvesen var det eit 300 meter langt belte som brann. Klokka 16.45 kunne Fitjar brannvesen fortelje at brannen stort sett var under kontroll. Bygningar var ikkje i fare, og det brann ned mot sjøen i gunstig vindretning.