Denne veka kjem drivhusa på plass over bærplantene på Prestbø, og Jostein ser for seg å hausta dei første bringebæra i slutten av juni.

Denne veka er to mann frå firmaet Sognebær på Prestbø og monterer rundt 200 svære stålbøylar over bærplantene til Jostein Prestbø. Over bøylane skal det trekkjast plast, slik at bringebæra og bjørnebæra får nyta godt av drivhusvarme. Dermed kan Jostein ha godt håp om å levera bringebær til skuleferien. Bjørnebæra kjem litt seinare, vonleg i første halvdel av juli.

Dei store bøylane er 360 cm over bakken på det høgaste, og dermed blir det god plass til traktor inne i drivhusa. På den måten får ein gjort rydding og anna nødvendig arbeid mykje meir effektivt enn for hand. Dei to pesialarbeidarane Jaroslav Kovalik og Tomasz Lipski arbeider lange dagar, og Jostein reknar med at drivhusa er ferdige i løpet av denne veka.

Kor tid han kan begynna å plukka bær, er Jostein Prestbø litt usikker på, men det ser lovande ut. Bringebæra skyt allereie knoppar og vil blomstra i løpet av kort tid. Han kan ikkje seia sikkert kor mykje bær han ventar seg, men truleg rundt 500 kg. No har han rive den gamle grassiloen sin, og er i ferd med å setja opp salsbod vegg i vegg med løa. Han vonar å få omsett bæra lokalt, og lovar at utsalet heime i tunet vil vera ope heile tida medan han har færske bær i sommar.

Som kjent er ikkje Prestbø ukjent med vind; nordvesten er ikkje nådig når han kjem susande inn over Fodno og Fitjarvikjo. Men Jostein lar seg ikkje skræma av det. Liknande drivhus blir brukte på moreller i Hardanger, og dei har stått seg godt mot kastevindane inne i fjordane. Derfor trur Jostein at han skal klara seg utan å byggja levegg. Men naturlegvis har han kaskoforsikra alt utstyret.

No ser Jostein sommaren lyst i møte, og fortel at han har fleire sommartilbod til fitjarbuen og tilreisande feriefolk. I tillegg til bringebær og bjørnebær, vil han levera tildlegpoteter til fellesferien. Dei skulle høva godt på grillen, meiner han, i lag meg grillkjøt. Også dette vil Jostein levera til feriefolket; iallfall på slutten av fellseferien. Han har kjøpt åtte anguskalvar frå Fodno, og desse vil måtta bøta med livet første helga i august.