Om lukka står den kjekke bi, kan fitjarbuen om eitt år kjøpa store, ferske bjørnebær og bringebær frå ein lokal produsent.

Den kjekke heiter Jostein Prestbø og bur rett ovanfor Fitjar sentrum. Han er av god mjølkeprodusentslekt, men no har han bestemt seg for å selja dyra og mjølkekvoten og investera i bærproduksjon i stor stil. Allereie neste sommar reknar han med å ha ein god del store, fine bjørnebær og bringebær for sal. Om to år vil produksjonen vera på topp, med 5-8 tonn totalt. Jostein seier han satsar på å bli kvitt bæra ved direkte sal, så fitjarbuen har noko å sjå fram til.

Jostein Prestbø fortel at det er mykje god helse i mørke bær, og jo mørkare bæra er, jo større er helsebota. Helsegvinsten frå blåbær er velkjent, men bjørnebær inneheld faktisk over 50 % meir antioksydantar. I oppstarten har han fått mykje råd og rettleiing frå Henrik Tellevik frå Askøy. Han har drive bærproduksjon i mange år, og er i tillegg rådgjevar i bærproduksjon for Norsk Landbruksrådgjeving. Jostein Prestbø seier han er svært fornøgd med oppfølginga så langt, og ser lyst på framtida.

Bringebærplantene er av typen Glenn Ample, og skal gi store, saftige bær. Jostein har kjøpt to slag bjørnebærplanter; Bedford Giant har tornar slik det bjørnebærriset me kjenner frå buskar og kratt, medan typen Loch Ness er tornefri. Begge skal produsera store, saftige bjørnebær, fortel Jostein. Alle plantene står i plastsenger, og når vekstsesongen startar til neste år, blir dei dekte til med åtte meter breie plasttunnelar. Desse må vera så store slik at han kan komma til med traktor for å sprøyta mot sopp og stengelsjukdommar. Gjødsla blir dosert ut i vatnet, som er lagt i slange under kvar plastseng.

Dersom bærproduksjonen blir ein suksess, vil Jostein Prestbø planta mykje meir bær. Då reknar han med at han ikkje treng driva med så mykje anna. Han seier og at han ikkje er redd for konkurranse frå andre bærdyrkarar i bygda. Tvert imot synest han det er kjekt om andre vil satsa på det same.