I morgon ettermiddag blir det fagdag for bærprodusentar, melder Jostein Prestbø.

Komande bærprodusentar frå fleire ulike kommunar vil møtast på Prestbø i morgon klokka 18.00. Her vil det bli synfaring i det fullvaksne feltet i plasttunnelane, og i det nye feltet på fem mål som er midt i etableringsprosessen, seier Jostein Prestbø.

Han håper mange interesserte møter opp, for alle som vurderer ei ny tilleggsnæring vil ha god nytte av samlinga, meiner han. Og avsluttar: – Med tanke på servering er det fint om dei gir meg ein lyd på førehand, på telefon 90 54 27 43.