Over nyttår håper Idrettslag på ekstra oppvarma basseng, men då trengst det fleire badevakter.

Laurdag 15. november er det nytt kurs for badevaktene til Fitjar Idrettslag.

Ellinor Austad Bergesen i Fitjar Frivilligsentral fortel at ho har kalt inn alle badevaktene som er i systemet frå før. Men det er plass til fleire, spesielt er det ønskeleg med kvinner. Nesten alle badevaktene er nemleg menn. Men uansett kjønn er fleire badevakteter velkomne.

Leiaren i Fitjar Idrettslag, Elin Siglen, håper det kjem fleire nye badevakter, for det er heilt nødvendig om dei skal få til utvida opningstid med ekstra oppvarma basseng. Med ei opningstid på 4 timar – frå kl. 17.00 til 21.00 på måndagskveldane – blir skiftet del i to. Dermed blir det bruk for dobbelt så mange badevakter som no.

Badevaktkoordinator Ellinor Austad Bergesen minner kursdeltakarane på å ta med badetøy, handklede og såpe. Kurset er på Rimbareid skule laurdag kl. 10.00 til 13.00, og er gratis.