Både Fitjarfolk og turistar finn vegen til Breiavikjo i varmen. I ettermiddag var det god plass både på parkeringsplassen, på land og i vatnet. Men litt folk var det på stranda, og det var ulike dialektar å høyra. Både vaksne og ungar bada. Me målte temperaturen til 18 grader, og ingen ungar syns det var kaldt.