I Høgre sitt valprogram kan me lesa at partiet ønskjer å "tilretteleggja for eit badeland  i kommunen til gode for heile Sunnhordland". -Nordsida av Kulturhuset kan vera ein god plass, meiner Rune Sandvik.

-Dette har jo vore tema i dei andre kommunane òg, så kvifor ikkje jobba for eit skikkeleg badeland i Fitjar ?, spør Høgre sin ordførarkandidat vidare.

-Men kva med finansieringa. Har de tru på at kommunen har pengar til dette? Eller har Høgre pengar å bidra med i denne samanhengen?

-Nei, verken me eller kommunen har pengar, men me kan godt tenkja oss å vera ein pådrivar for å få til noko slikt, både til gode for fitjarbuen, og for å trekkje folk til bygda, seier Rune Sandvik til slutt.

Kva meiner du om eit badeland i Fitjar, som også kan vera eit badeland for heile Sunnhordland?
Kom med di meining i kommentarfeltet under!