Unge gutar med arbeidslyst baud fram varene sine i dag.

I sentrum stod Ruben Træet (13 år) travelt oppteken med å selje ferske, levande krabber. I dag hadde han fått ein fangst på 38 stykke. Ruben fortel at han har fiska kvar helg sidan sommarferien var slutt, og bestefar er med han på sjøen.

På Reino var det høve til å kjøpe poteter. Det såg ut som dei kom rett frå åkeren. Håvard Fitjar (9 år) seier han har ein eigen åker med blant anna Troll-poteter. Broren Eirik (7 år) hjelpte til når «bonden sjølv» ikkje var til stades. Me kan stadfeste at gutane hadde rett: Potetene smaka så godt.