Fitjar sine lag, J16 og G16, gjekk vidare til A-sluttspelet etter å ha blitt nr 2 i sine puljer under Norway Cup på Ekebergsletta i Oslo. Bilete: Torstein og Hafsteinn jublar for A-sluttspel. Foto: Kjetil Rydland

– Jentene klarte 1-1 mot Tingvoll tidlegare i dag etter scoring av Oda Rydland, og gutane fekk same resultat mot Alvdal. Scoringa her stod Markus Knuta-Knut Tislevoll for, melder Kjetil Rydland på sms.

Martine Tranøy Stokken. Foto: Kjetil Rydland

I morgon tidleg er det cup for begge laga. 

– Kven me møter i A-sluttspelet i morgon, bryr eg meg ikkje om! seier Oda Rydland kjekt til fitjarposten.no.

– Heia Fitjar, seier me!

Trio med suksess på Norway Cup. Foto: Kjetil Rydland.