Arthur Rimmereid var i sommar tilbake til sine røter, saman med kona si Charlotte. Far hans, Johan, var 17 år gamal då han drog til Nord-Dakota, der han tok namnet John.

-Det er andre gong me er i Noreg. Sist var i 1979, smiler Arthur som er søskenbarn til Ingolf Rimmereid. Og garden han ættar i frå er den Olav Rimmereid driv no.

Det var òg der me møtte han, før han nylig for tilbake til Minneapolis der han no bur.

Arthur Rimmereid som er fødd i Amerika, utdanna seg til prest, og var i slutten av tenesta si biskop i ein av seks synoder i Minnesota.

Når det gjeld gamlelandet, er han særleg imponert over dei sosiale ordningane me har her i landet. Elles hadde han og Charlotte ein nydeleg to-ferie i Noreg, der dei utanom Fitjar vitja Oslo, Hamar, Lillestrøm, Trondheim, Molde, Flåm, Voss og Bergen.

Det høyrer med til historia at bestefar til Charlotte også kom i frå Noreg, frå ei bygd i Sogn.

Vener og slektningar: Fv. Olav Rimmereid, Ingolf Rimmereid, Arthur Rimmereid og Charlotte Rimmereid. Foto: Håkon C. Hartvedt