Førstekomande onsdag startar det opp Babysongkurs på Fitjar bedehus, samstundes med småbarnstreff.

Babysongkurs handlar om å finna fram dei gode gamle barnesongane og å læra seg nye kjekke barnesongar, for å skapa felles gode opplevingar for foreldre og babyar. At små ungar heilt frå fødselen av har stor glede av song og musikk er heilt tydeleg.

På babysong får babyane liggja på ei dyne på golvet medan foreldra sit på puter rundt dei. Her syng ein rolege voggesongar, ein har regler og syng songar med tydeleg rytme. Songstunda er variert og ulike opplevingar vert knytta til ein del av songane. Ungane får liggja under den blå gjennomsiktige sjøen, dei får sjå på såpebobler, dei får liggja oppi «båten» og når dei klarer det får dei spela på ulike rytmeinstrument. Det handlar om ro og tryggleik, gjennkjenning, variasjon og spenning. Babysong er for dei mellom 0 og 18 månader. Ungane har glede av dette heilt frå fødselen av, men for mor sin del kan det kanskje vera greit at det har gått minst 6 veker etter fødselen.

Babysongkurset kostar 130 kroner, og då får ein med ein dobbel Cd som heiter Bom Chicka Bom, eit enkelt songhefte og kaffi og te på samlingane. Kvar einskild må sjølv ta med seg niste, kopp, tøflar el.l, gjerne ein gulpeklut og ellers det ein treng til babyen. Kurset går over 8 samlingar, med oppstart 2. september og samling annakvar veke fram til desember.

Etter ei songstund på ca ein halv time samles ein med dei som er på småbarnstreff og et niste saman med dei, og får tid til leik (for dei som er store nok til det og som ikkje har sovna) og drøs.

Det er soknerådet som står bak babysongkurset og småbarnstreff, og babysongkurset vert leia av Astrid K. Prestbø og Helga Rimmereid, som begge i tillegg til erfaring med eigne ungar har delteke på ulike leiarkurs i babysong.

Ein kan melda seg på Babysong på telefon 47 62 14 71. Ein må då oppgje namn på den vaksne og namn og alder på barnet.

Småbarnstreff fortset som før parallelt med babysong, og er for alle som er heime med ungar under skulealder. For dei er det og først ei songstund, og så nistemåltid, leik og drøs. Er ein mange vert det ei eiga gruppe for dei eldste ungane. Ein treng ikkje melda seg på for å delta på småbarnstreff, og det kostar heller ikkje noko.

Både babysongkurset og småbarnstreff held til oppe på bedehuset, men den første samlinga som er onsdag 2. september kl.10.30-12.00 vert i kjellaren grunna anna arrangement oppe på bedehuset.

Mari Maurstad har sagt: ”Nærheten, tryggheten og roen som barn, foreldre og besteforeldre opplever når de sitter på sengekanten eller i godstolen, er unik og spesiell. En kosestund med gode, gamle sanger setter varige og verdifulle spor hos små og store.”

Velkomen til babysongkurs og småbarnstreff!

Du finn alle datoane for hausten på kalenderen her på Fitjarposten.