Emmeli, Arica, Johannes, Anne og Lars Eivind er fem av ti babyar som har kost seg på babysong hausten 2014, saman med mødrene sine. Foto: Helga Rimmereid

Ti babyar deltok med stor glede på babysongkurs hausten 2014. 3. desember avslutta dei kurset med diplomutdeling og koseleg adventssamling saman med dei større ungane på småbarnstreff. 

Song- og musikkgleda har vore stor hos dei unge kursdeltakarane, og mødrene har like blide prøvd å henga med med gynging, byssing og speling og ikkje minst synging av både kjende og kjære songar og nye, meir ukjende, barnesongar. I tillegg til den kjekke songstunda har både vaksne og babyar på ulikt vis uttrykt at dei har satt pris på det sosiale fellesskapet med «like-sinna».

Etter songstunda på den 8. kurssamlingar fekk deltakarane utdelt diplom, før dei tok del i småbarnstreff si adventssamling.

Etter sonstunda var det tid for mat med pepperkaker og mandaringer og juleverkstadaktivitetar. Foto: Helga Rimmereid
Etter songstunda var det tid for mat med peparkaker og mandarinar og juleverkstadaktivitetar. Foto: Helga Rimmereid

Felles nistemåltid var utvida med peparkaker og mandarinar i tillegg til ein ekstra lang drøs rundt kaffikoppen. Etter kvart som det tok til å kribla i små barneføter og barnehender vart det laga julepynt og -gåver. Fyrstikkøskjer vart dekorert med glitter og stas.

Fyrstikkøskjer vart pynta med filt og blande paljettar av små barnehender. Foto: Helga Rimmereid
Fyrstikkøskjer vart pynta med filt og blanke paljettar av små barnehender. Foto: Helga Rimmereid

Appelsinar med nellikspiker i gav god julelukt og lyslykter vart pynta etter alle kunstens reglar. Babykursdeltakarane var i yngste laget for desse aktivitetane, men var i akkurat rett alder til å få foreviga sitt skjønne hand- og fotavtrykk.

Godt å vera to når eit lite, skjønt fotavtrykk skulle forevigast. Foto: Helga Rimmereid
Godt å vera to når eit lite, skjønt fotavtrykk skulle forevigast. Foto: Helga Rimmereid

Litt tid til leik var det og, før små og store på babysong og småbarnstreff pakka tøflar og nisteboks i sekkane sine og ønskte kvarandre ei god jul.

Kjekt med leikeselskap og andre leiker enn dei ein har heime. Foto: Helga Rimmereid

Kjekt med leikeselskap og andre leiker enn dei ein har heime. Foto: Helga Rimmereid

Etter å ha både sunge, tent adventslys, høyrt juleforteljinga, ete godt og laga julepynt og gåver var det godt å kunna kvila seg litt på golvet. Foto: Helga Rimmereid

Etter å ha både sunge, tent adventslys, høyrt juleforteljinga, ete godt og laga julepynt og gåver var det godt å kunna kvila seg litt på golvet. Foto: Helga Rimmereid

 

 

Vesle Isak kan godt tenkja seg å dela dyra med endå fleire nye leikekameratar på småbarnstreff våren 2015. Foto: Helga Rimmereid
Vesle Isak kan godt tenkja seg å dela dyra med endå fleire nye leikekameratar på småbarnstreff våren 2015. Foto: Helga Rimmereid

Allereie onsdag 7. januar starta småbarnstreff opp att. Samstundes startar og  nytt babysongkurs opp. (sjå kalenderen her på fitjarposten.no )