11 babyar saman med mødrene/fedrene sine koste seg på babysongkurs våren 2014. Kurssamlingane har vore gode stunder for både små og store.

Dei vaksne uttrykkjer at det er kjekt på babysong og at dei er svært glade for at det finnes eit slikt tilbod på Fitjar.

Det er Fitjar sokneråd som står bak babysongkursa og samlingane har funne stad på loftet på Fitjar bedehus annakvar onsdag. Babymødrene er samde om at det er kjekt å læra ulike songar, som dei ikkje berre syng på babysong, men som dei og kan bruka heime. I tillegg er dette sosialt både for dei vaksne og for babyane. .

-Eg trur at det gjev babyen mykje godt at mor og baby brukar slik kvalitetstid saman, seier Karen Marie Sætre som har gått på babysong saman med dottera Julie.

Ei anna mor peiker på at det har vore ekstra kjekt å sjå kor stor glede dei små har av song og musikk. Heilt ifrå babyane er ganske små ser ein at dei kosar seg med å bli sungen for og å få ulike musikalske opplevingar.

No er det snart klart for eit nytt babysongsemester. Oppstart og påmelding vert annonsert med plakatar og annonse, seier Astrid Koløen Prestbø og Helga Rimmereid som står for babysongkursa og som gler seg til eit nytt babysong-år.

Ingressbilete: Mathilde, Julie og Ingrid, her saman med mødrene sine, er tre av elleve babyar som gjekk på babysongkurs våren 2014. Foto: Astrid Prestbø