Mange barnevogner, minst 25 små og store ungar og 12 vaksne samla seg til turtreff i Rimbareidfeltet. Etter nokre få meter på hompete skogsveg vart bålet fyrt opp og pølsene grilla. Det var fantastisk flott haustver og godt å sitja ute og eta. Me hadde dagen føre oss, og mange vart verande lenge i skogen. Dei som klarde å koma seg endå lenger oppover skogsvegen gjekk på jakt etter gullpenge-treet, og kom tilbake med eit smil rundt munnen, og dei yngste med mykje brunt i ansiktet… Det brune lokka, så dei sprekaste tok fleire turar. Dette var siste turtreff dette semesteret, men det blir nok fleire turar til våren, og me samles fortsatt annakvar onsdag til babysong og småbarnstreff på Bedehuset.