Då skodda trakk seg tilbake og sola kikka fram i dag, samla 31 små og store frå Babysong og småbarnstreff seg i Breiavikjo til grilling og kos.

Pølser i brød stod på menyen, og enkelte avslutta med grilla bananer til dessert. Leiken og drøsen gjekk av seg sjølv i det fine veret. Nokre av dei minste gjekk heim etter eit par timar med våte støvlar eller sko og våte bukser, men det la ingen dempar på gleda over å vera ute og nyta den fine vårdagen saman i godt selskap.Dette var andre gongen småbarnstreff var på tur denne våren.

Forrige tur var 19. april og gjekk til Rossneset. Då var veret det stikk motsatte, men 6 vaksne og 8 ungar kledde seg deretter, og med stormkjøken og suppeposar i sekken la dei i veg. Då små føter hadde nådd målet inne ved skogen, og det tok til å sludda, smakte det godt med varm suppa. No må me venta til hausten på nye turar, for torsdag 13. mai kl. 10.30 har babysong og småbarnstreff si siste samling dette semesteret, på Bedehuset på Fitjar.