Etter åtte samlingar var det sist veke avslutting for dei ni babyane og mødrene deira som har delteke på babysongkurs i vår. Som alltid var det mange forventingsfulle blikk å sjå og mange godlydar å høyra under songstunda.

Det er Fitjar sokneråd som arrangerer babysongkurs og småbarnstreff på Fitjar bedehus. Dette føremiddagstilbodet har vore populært blant dei som har vore heime med små ungar, og i januar i år feira dei 10-årsjubileum. Eg var heldig og fekk vera saman med dei som har gått på babysongkurs i vår på avsluttinga deira.

Litt før halv elleve tok dei første barnevognene til å rulla inn i garderoben på bedehuset. Mødrer med ein eller to ungar på armen fann raskt vegen opp til loftet. Astrid K. Prestbø hadde lagt fram dyna på golvet til babyane og puter rundt til dei vaksne. Etter litt mating og eit bleieskift var dei klar. Sju babyar var på plass. Det står ni namn på lista, så dei sakna to. Astrid, som leia songstunda, gjekk rundt med tamburinen og song velkomen-songen for kvar og ein av dei. Dei er ikkje gamle før det synes på dei at dei nyt å stå i fokus, og dei eldste og mest frimodige prøvde sjølv å laga lyd på tamburinen Astrid spelte på.

Fargerike schifong-tørkle låg spreidd rundt om og mødrene tok desse opp, leikte med dei og gøymde seg bak dei medan dei song «Eg ser på deg og du ser på».  Nokre babyar smilte og lo, og såg forundra på mamma som gøymde seg, andre var meir opptekne med naboen eller ho som gjekk rundt og forstyrra med eit kamera.

Så var det over på regler om kroppen, og smilet og gurle-lydane sat laust då mammaene kom ned til halsen og kitla «dikke-dikke-dikk». Det såg ut til å vera ein babyslager som aldri går av moten. Vidare tok dei for seg fingrane og tærne og det vart bakt bollar og kringler på dei,  dei fekk ein svevetur inn i «omnen» og mykje meir.  Etterpå reiste dei seg opp og stod i ein ring og såg på kvarandre. Spennande. Beina gjekk som trommestikker der dei nærma seg kvarandre under Bom-chicka bom-regla, og det såg ut til å vera utruleg kjekt å koma heilt tett innpå dei andre då sirkelen var blitt liten og intim. Det var og morsamt å rygga ut igjen.

Astrid tok fram regnstaven som overgang til at dei  skulle ut på sjøen. Dei både rodde og song om at Jesus har gripe handa deira før dei fekk liggja under sjøen, som var eit stort blått, gjennomsiktig tøystykke som mødrene laga bølgjer med. Dei låg heilt stille og såg ut til å venta i spenning på det som skulle skje. Då mødrene tok til å bevega på sjøen såg ein at dei små visste kva som skulle koma, og dei såg ut til å nyta kjensla av bølgjene som bevegde seg ned mot dei. Så kom ein anna favoritt. Babyane fekk koma oppi «båten», dei låg i blå laken og vart gynga i takt med musikken som Astrid sette på. «En engel er ombord», strøymde frå cd-spelaren og det var hakket før eit par av dei bikka over i drøymeland. Men der var det over og det var den andre sin tur. Ikkje alltid like lett å måtta venta, så det vart litt småsutring av det ein augneblink.

Pratesjuke småbarnsmødre syntes nok dei hadde tidd stilt lenge no og ville gjerne snakka med dei andre om bleieskift, sjukdom, mating og utvikling, men Astrid ville vidare i programmet og stoppa dei raskt «Det er jo siste gongen i dag, så i dag må me ha med alt», sa ho i det ho fann fram såpeboblene og sette på songen «Helt i fra jeg lå i mammas mage, hadde Gud en plan for meg.» Det vart andektig stille, ungane lytta og såg, etter kvart vågde nokre seg fram med ein finger og vart forundra over å sjå bobla forsvinna.

Meir lyd måtte til. Ungane sat eller låg spente og venta då Astrid delte ut instrument. Fine små fargerike maraccasar fall i smak. Ein del nøyde seg med å smaka, men mange prøvde og å rista på dei og dess meir lyd som kom dess meir rista dei. Etter kvart vart det eit heilt orkester til resten av songane. Siste utfordring var å levera frå seg instrumenta då Astrid kom rundt med korga igjen og song om at no skulle maraccasane sova. Det gjekk ikkje heilt smertefritt for seg, og nokre fekk eit hardt møte med verkelegheita. Mødrene smilte. Alt var som det skulle vera, litt vilje skal ein ha. Det gjekk mot mat. «To siste songar no, så skal me gå ned å eta saman med dei på småbarnstreff», forklarde Astrid, og hadde nesten gløymt at det og skulle delast ut diplom og takast avsluttingsbilete. Kveldsbøna Jesus du er glad i meg vart sunge og eit bordvers. Så vart kvar einskild av dei unge kursdeltakarane lest opp og fekk diplom som bevis for fullført kurs.

Å få samla heile gjengen på eit bilete var ikkje lett, no hadde dei sete eller lege lenge i ro og var klar for andre opplevingar, eller berre litt mat og ei lang kvil, og mødrene var heilt klart klar for småbarnsprat.

Under måltidet fekk Kari Anita Larsen, som har hjelpt til på småbarnstreff gjennom mange år, ei velfortent helsing frå Babysong og småbarnstreff i form av eit kort med gode ord og ei fin lykt, sidan ho no takkar for seg.

Og med dette takka småbarnstreff for dette semesteret. Det einaste som gjenstår no er eit leikeplass-treff, på bedehuset 4. mai, etter det tar dei sommarferie.