Gutelaget til Fitjar må nøya seg med B-sluttspel i Gothia Cup etter tap 2-4 mot engelske Charterhouse School i dag.

Etter dei første kampane i gruppespelet tydde alt på at dagens kamp mot engelske Charterhouse School skulle bli den jamnaste. Begge laga hadde fått bank av lynkjappe svenskar frå Västerås, og begge laga hadde fått lett spel mot brasilianarane frå Belo Horizonte.

Og den jamnaste kampen blei det, men Fitjar hadde ikkje marginane på si side i dag. Dei kom ikkje skikkeleg i gang før Charterhouse School hadde gått opp til 1–0 på ei litt enkel scoring. Derfrå og inn dominerte Fitjar 1. omgang, og hadde fleire feite sjansar. Spesielt Henrik Raunholm Kjelling var fint frampå fleire gonger, og hadde fortent minst eitt mål.

Me måtte venta heilt til sluttminuttet av 1. omgang før utlikninga kom. Leif Tore Aarland blei felt, og dommaren peikte korrekt på straffemerket. Mads Dahl Helland knuste ballen knallhardt i nettaket, midt i mål. Med 1-1 sekundar før pause følte nok både supporterar og spelarar frå Fitjar at pila peika rett veg. Men 2. omgang var ikkje mange sekundar gammal før Charterhouse School gjekk opp til 2-1, etter scoring av Harry Lineker. Både scoringa og namnet på målscoraren var fine nok. Harry Lineker er son til den meir kjende Gary Lineker, toppscorar i VM-sluttspel på det engelske landslaget. Men me sat med ei kjensle av at Fitjar sleppte motstandaren litt for lett til.

Sjølv om Fitjar hadde gitt frå seg noko av initiativet, gav dei ikkje opp. Heller ikkje etter 1–3 ved Alec McClean nokre minutt seinare gav dei opp. Fitjar kom til fleire fine sjansar, og rundt eit kvarter ut i omgangen scora Mads Dahl Helland igjen, denne gongen på frispark frå rundt tjue meter. Og fleire mål kunne det ha blitt; bl.a. eit skot i tverrliggjaren, og ein retur som Nils Ingard Tislevoll nok burde fått under tverrliggjaren. Men lukka stod ikkje Fitjar-gutane bi i dag, og eit par minutt før slutt avgjorde Harry Lineker kampen med ei ny fin scoring.

Sluttstillinga i innleiingspuljane (Fitjar i gr. 16) og oppsett for sluttspel i Gothia Cup kan du sjå her:

http://spelprogram.gothiacup.se/index.php/klass?ID=2