Kopervik 2 vann 2-1 i den jamne 6.-divisjonskampen mot Fitjar måndag kveld.

«B-laget» til Fitjar såg lenge ut til å ha bra tak på toarlaget til Kopervik i kveldens 6.-divisjonskamp på kunstgraset. I den jamne førsteomgangen var det Fitjar som hadde dei fleste og feitaste målsjansane. Og det hadde ikkje vore noko å seia på det om dei hadde gått til pause med ei leiing.

Derfor var det verken ufortent eller uventa at det var Fitjar som tok leiinga 1-0 heilt i starten på 2. omgang. Eit flott skot frå vel 16 meter signert Rune Brakedal. Men scoringa førte ikkje til at Fitjar tok kontroll over kampen. Tvert imot; Kopervik overtok etter kvart meir og meir, og hadde dei fleste sjansane i 2. omgang. Og to langskot på slutten av omgangen avgjorde kampen. Det siste kom på eit frispark som Kopervik tok veldig kjapt, før Fitjar-forsvaret hadde fått førebudd seg.

Fitjar møtte eit godt lag i kveld, og det var ikkje direkte ufortent at gjestene tok poenga med seg til Karmøy. Men det var ein kamp som like gjerne kunne vippa begge vegar.

Fitjar sitt lag:
Idar Volden Mjønes, Jøran Reigstad, Håkon Vestbøstad, Victor Aga, Rune Skumsnes, Stian Hatlevik, Ingve André Strand, Geir Bjarte Hatlevik, Ketil Fykse, Gjert Ståle Olsen, Åsmund Sørfonn.
Innbytarar:
Rune Brakedal, André Helland, Lars Paul Tislevoll, Trond Henriksen, Carsten Rasmussen.

Sjå link til kampresultat og tabell:

http://fotball.speaker.no/FIKSfotballdataclient/ft.aspx?scr=table&ftid=36965