Mariann Vestbøstad Marthinsen avslutta i dag skisesongen med gull på 5 km ispigging i finske Vuokatti. Men no skal det handla om symjing.

Mariann fortsette altså suksessen i Finland etter at det allereie når opningsrennet var over var klart at ho hadde vunne verdscupen samanlagt. Søndag vart det sølv på 15 km, og i dag altså gull igjen.

Men no skal skia leggjast på hylla og badedrakta hentast fram. Det store målet no er Paralympics i London første veka i september. Då vert Mariann å finna på startblokkene i symjebassenget.