2010 har vore eit fantastisk jubileumsår for Fitjar, også sett med kulturelle auge. I morgon, laurdag, klokka 18.00 vert den kommunale delen av dette avslutta med stor julekonsert i Kultursalen – og utdeling av Kulturprisen 2010 til Tora Vestbøstad. Konserten som denne gongen gjev rom for spenstige songar som «White Christmas», «Winter wonderland», «Mary`s boy child», «Happy X-mas», «Julekveld i skogen» med fleire står Fitjar ad hoc ensemble for akkompagnementet.

Elles får me høyra følgjande utøvarar: Toradartuppene, Martin Hatlevik, Tom Rydland, Anne Karin Nilsen, Johanne F. Brekke og Ole André Westerheim. Det vil òg bli allsong.

I tillegg til å dela ut Kulturprisen 2010 vil Fitjar kommune i starten nytta høvet til å takka av ein del personar for innsatsen i jubileumsåret. Etter konserten vert det julekjeks, gløgg og kaffi. Det er gratis entré, men det vert høve til å gje ei gåve til Frelsesarmeen sin julegåveaksjon.

Konferansier er Sissel Jørgensen.