Fitjar Skyttarlag har skipa til skyteskule for ungdom, og onsdag ettermiddag var det avslutning med pizza og diplom.

Alle dei ni deltakarane møtte opp til avslutninga, der dei fekk utdelt diplom, og kosa seg med pizza og is. Knut Vik i Fitjar Skyttarlag fortel at sju gutar og to jenter i alderen 10-16 år har møtt opp på skytebanen fem kveldar i mai og juni til grunnopplæring i skytesporten. Her har dei blant anna fått instruksjon i bruk av skytevåpen, ikkje minst med vekt på tryggleik. Alle har møtt opp kvar gong, noko som viser at dei har likt seg, meiner Knut Vik.

Instruktørar har vore Kjell Kristian Midtsæter, Tor Midtsæter, Kristian Isdahl og Knut Vik. Dei yngste har fått opplæring på kaliber 22 salonggevær, medan dei eldste har brukt kaliber 6,5 konkurranserifle av merket Sauer. Dei ni deltakarane er i alderen 10-16 år: Joakim Isdahl Helland, Andreas Gloppen, Harald Gloppen, Jonas T. Midtsæter, Julie T. Midtsæter, Jens Ø. Kloster, Håvard Fitjar, Anders Bukkøy Langeland og Stine Landa.

No håper Fitjar Skyttarlag at dei unge skyttarane blir med vidare, og allereie neste helg er det stort skytestemne i Fitjar. Jonsokhelga 22. og 23. juni går Sunnhordlandstreffen av stabelen på Fitjar, Stord, Bremnes og Vika på Bømlo. Dei fire stemna går samstundes, med litt over eller under 200 deltakarar på kvar plass. Her er det ope for folk i alle klassar, og Fitjar har hatt besøk av både skyttarkongar og skyttarprinsesser. I fjor deltok 204 på Fitjar, og så langt i år har rundt 190 meldt seg på. Så det bryggjar opp til storstemne på skytebanen i Årskog neste helg.