Fríðleif Lydersen set tydeleg pris på postludiet "You'll never walk alone". Foto: Kjetil Rydland.

I går tok rundt 150 soknebarn avskjed med Friðleif Lydersen, som heldt si siste gudsteneste i Fitjar kyrkje.

Fríðleif Lydersen har vore vikarierande sokneprest i Fitjar sidan i vår, då Olav Johannes Oma tok turen over Morkjo og begynte på Stord.

I går var den siste gudstenesta for vikaren, som allereie i morgon begynner i ny jobb. Han skal vikariera som sokneprest i Lykling sokn og Bømlo sokn.

Den flotte avskjedsgudstenesta i går blei avslutta med «You’ll never walk alone», det finaste postludiet presten kunne tenkja seg.

Etter gudstenesta blei det kyrkjekaffi og kyrkjepizza, og soknerådsleiar Sigrid Fangel nytta høvet til å takka for tenesta Fríðleif Lydersen har gjort på Fitjar dei siste åra.

Komande søndag blir det gudsteneste med den nye soknepresten i Fitjar, Roald Drønen. Me ønskjer Fríðleif Lydersen lykke til vidare!

Fríðleif Lydersen og soknerådsleiar Sigrid Fangel deler ein pizza etter gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland. .